For om lag 50 år sidan var Kåre K. Tveito ein av lektorane på gymnaset på Vinstra den gongen dette var eit kultursentrum for det indre Austlandet. Sjølv hadde eg Tveito berre som vikar, men vi kjende da alle lærarane, og som ungdommar var vi nysgjerrige på dei. Eg er sikker på at det er mange i min årgang som har gode minne, og som ville sende ein vennleg tanke om dei hadde sett dødsannonsa.