Anne Line Begravelsesbyrå
Anne Line Begravelsesbyrå
  • English  English
  • Norsk  Norsk
  • Svenska  Svenska
  • Dansk  Dansk
  • Nederlands  Nederlands
  • Hjem
  • Til byråets hjemmeside
  • Om
  • Vilkår
  • Tilgjengelighetserklæring
  • Privacy policy
  • Cookie policy
  •   Administrator innlogging
Meny
Gå til hjemmesiden
  • Hjem
  • Bestill blomster
  • Gi en minnegave
  • Om begravelsen
  • Dødsannonse
  • Galleri
  • Del
  • Portal


    Marie Klara Stenberg

    Født 18. september 1942
    Død 28. juli 2021


    Minneord

    Helsing frå oss på Dalheim som vart lese opp av Reidun i gravferda til Maria
    2021-08-06
    Minneord


    Maria, og Gunnar kom gjerne på besøk til oss på Dalheim om sommaren, og før dei bygde eiga hytta overnatta dei, og var nokre dagar. Det var alltid stas for oss alle, og dei var med der vi var. Vi huskar at dei var med i Rantebotnen, og det var før vi fekk veg i Dalen. Motbakkar var ingen stor favoritt, men fiske og kaffi lokkar. De likte å fiske begge to, og kanskje særleg du Maria. Var de med oss i båten var det også alltid de som fiska, vi kunne ta det igjen når de var reiste. Du likte også å ha denne ørretten til middagsmat, det var ein favoritt for deg allereie medan du var lita.

    Når de fekk eiga hytte vart det endring, sjølv om de alltid var innom oss etter dette og, so vart det no forventa gjenbesøk. Der var vi skikkeleg dårlege, og vi kan godt ta sjølvkritikk på det. I starten hadde de mykje besøk der, av folk de kjende i Oslo, Elverum, og av folk frå Gloppen. Alle fekk nok servert det same som vi, svart kaffi, raffinadekake, og tilbod om noko meir opp i kaffien.
    På hytta starta du dagane vanlegvis med eit lite bad, og du likte framleis å fiske, med stang i hovedsak.

    Maria og Gunnar, for de var no i all hovedsak eitt tok godt i mot oss når vi ein sjelden gong var i Oslo. På Veitvet kunne vi rekne med at det var råd med ei seng, og de visste oss gjerne Oslo sentrum. Kunne de ikkje vere med sjølve, so kunne du forklare slik at vi kunne finne fram på eiga hand. Hos dåkke kunne vi også treffe andre utflytta Glopparar.

    Du heldt kontakta med Hyen heile tida, sjølv om du reiste frå Hyen i ung alder. Du var heime kvar sommar, oftast eit par veker saman med Gunnar. Marte Beate var med ein gong eller to også. I tillegg var du heime ei veke enten på våren eller hausten og då var du alltid saman med dine foreldre, so lenge dei levde, og hjelpte dei med små og store gjeremål på Ystebøna. Akkurat som når Maria var jente var det stas når utflytta kom heim. Mange av desse ho fekk kontakt med gjennom nokre sommarveke i Røyrvika som ung helt ho kontakta med gjennom heile livet.

    Firda Tidend abonerte du på all di tid, du følgde med på det som skjedde, når du hadde lese ut avisa ga du den gjerne vidare til andre utflytta Gloppara.
    Mattradisjonar heimanfra tok du med deg austover. Brøsme og klinge vart alltid handla inn når du var i Hyen og tok med deg, det same med gombe.

    Siste gongen du var på Dalheim var du saman med Anna, og de budde hjå Olina. De hadde hyggelege turar i Røyrvika, var innom hytta du og Gunnar hadde bygt, der helste de på den nye famileien som kosar seg der no. De var også til Turid på hennar hytta ved Storefjorden. Då hadde du allereie fått problem med auga og såg dårleg, og du huska ikkje so godt som før.

    Vi lyser fred over Maria sitt minne.

    Gerd Heimseter
    2021-08-02

    Takk for alle gode minner

    Rune Ljostad
    2021-08-01
    Minneord

    Takk for gode minner, tante Maria!

    Ingunn Ljostad
    2021-07-30

    Takk for alt .Hvil i fred

    Oddveig Gjengedal
    2021-07-30
    Minneord

    Fred over minnet ditt Tante Maria


    Tente lys

    Bodil
    2021-12-30
    Takk
    2021-08-30
    Åshild Ljostad♥️
    2021-08-06
    Gerd Søreide m/fam.
    2021-08-05
    Asbjørn Magne Gjengedal
    2021-08-05
    Svein og Torill Engelstad
    2021-08-04
    Liv og Terje Erstad
    2021-08-04
    Ellen og Ken Høyås
    2021-08-04
    Agnes Ensrud
    2021-08-03
    Marie
    2021-08-03
    Oline Stenberg
    2021-08-02
    Gerd og Kjell Heimseter
    2021-08-02
    Torvald
    2021-08-02
    Mari Tove
    2021-08-02
    Olina
    2021-08-02
    Astrid Stenberg Bråthen og Oddvar Bråthen
    2021-08-01
    Asbjørg Aa Brean
    2021-07-30
    Oddveig Gjengedal
    2021-07-30
    Turi Gjengedal
    2021-07-30
    Oddvar
    2021-07-30
    Margret Aa Djupvik
    2021-07-30
    Ingunn ljostad
    2021-07-30
    Reidun
    2021-07-30
    Anne Line Begravelsesbyrå
    2021-07-30

    Donasjonshilsner

    Marie Gjengedal og Jon Arild Austrheim
    2021-08-09
    Nasjonalforeningen for folkehelsen - Demens og Alzheimerforskning

    Ei siste helsing

    • Share in Facebook
    • Copy link
    • Send to mail